Elektronisk melding til Statsforvaltaren i Vestland via Altinn
Fleire har meldt frå om at dei ikkje får velje Vestland som mottakar ved utfylling av elektroniske skjema til oss via Altinn. Det er òg nokon som får feilmelding dersom dei opnar elektroniske skjema direkte inne i Altinn.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dersom du ikkje får til å velje Vestland som mottakar ved utfylling av elektroniske skjema i Altinn, anbefaler vi deg å velje Hordaland eller Sogn og Fjordane. Feilen er meldt vidare.
Om du får feilmelding dersom du skal opne elektroniske skjema til statsforvaltaren direkte inne i Altinn, skuldast truleg det at lenkene har endra seg ved endring av informasjonstekst. Vi anbefaler at du finn fram til det skjemaet du vil sende oss via www.vergemal.no/skjema. Feilen er meldt vidare.