Einslege mindreårige frå Ukraina skal ha oppnemnt representant
Som følgje av situasjonen i Ukraina, kjem det barn til Noreg utan foreldre eller andre med foreldreansvar. Statsforvaltaren har ansvar for å oppnemne representant for dei barna som skal søke om asyl i Noreg.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Representanten skal ta hand om interessene til barnet i utlendingssaka og sørge for at barnet får den oppfølginga og dei rettene han eller ho har krav på. Her finn du meir informasjon om ordninga.
Informasjon til kommunar
Vi treng hjelp til å sikre at einslege mindreårige får oppnemnt representant, og ber difor kommunane sende oss informasjon når dei får vite om
- mindreårige asylsøkarar og flyktningar utan foreldre i Noreg som ikkje har fått oppnemnt representant, og
- mindreårige som er utan fungerande verje fordi foreldra ikkje kan ivareta interessene til barnet, til dømes på grunn av sjukdom.
Vi ber vidare om at kommunane gir beskjed til oss viss foreldre til barn som har fått oppnemnt representant/verje, kjem til Noreg.
Informasjon til privatpersonar som hjelper einslege mindreårige
Vi oppfordrar deg til å ta kontakt med politiet saman med barnet så snart som mogleg, slik at barnet kan bli registrert og få oppnemnt representant. Hos politiet må du fortelje om relasjonen din til barnet, kvar foreldra er, og kvifor og korleis barnet har kome til Noreg. Sjå UDI sine nettsider for meir informasjon.
Informasjon til politiet
Einslege mindreårige skal ha ein representant til stades under asylregistreringa. Dersom det kjem barn utan foreldre eller andre med foreldreansvar, som skal registrerast som asylsøkar, ber vi om at politiet tar kontakt med oss. Vi treng då informasjon om
- barnet sitt namn, fødselsdato og nasjonalitet,
- tidspunkt for registrering, og
- kontaktperson i politiet.
Skjema for melding om behov for representant finn de til høgre. Skjemaet skal sendast til sfvlpost@statsforvalteren.no.
Dokumenter
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar