No treng du ikkje sende skattemelding til Statsforvaltaren
Statsforvaltaren har inngått ein avtale med Skatteetaten om direkte tilgang til skattedata for personar med verje.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dette betyr at du som verje ikkje lenger treng å sende verjehavar si skattemelding til Statsforvaltaren for å oppfylle rekneskapsplikta. Vi får skattedata for personar med verje direkte frå Skatteetaten.
Skatteetaten har også utarbeida eigen informasjon om tilgang til, og utfylling av, verjehavar si skattemelding. Her finn du og informasjon om korleis du fører frådrag for verjegodtgjering og utgiftsdekning dersom verjehavar dekkar dette sjølv. Informasjonen finn du på verjemålsportalen www.vergemal.no/skattemelding
Meir informasjon om innsending av rekneskap kan i lese i vår artikkel her www.statsforvalteren.no/nn/vestland/verjemal/innlevering-av-verjerekneskap-2021/