Saksbehandlingstid på verjemålsområdet per oktober 2024

Her kan du lese meir om forventa saksbehandlingstid per oktober 2024 på utvalde saksområde på verjemålsfeltet. Vi gjer merksame på at saksbehandlingstida som er oppgitt under er rettleiiande, og at einskilde saker både kan ta lengre og kortare tid enn det som er forventa. 

Publisert 16.10.2024
Sakstype Forventa saksbehandlingstid
Oppretting av verjemål for vaksne Inntil seks månader

Endring av verjemål for vaksne 

- Byte av verje

- Endring av mandat

Inntil åtte månader
Oppnemning av verje for mindreårige Inntil tre månader

Søknad om samtykke frå statsforvaltaren i mindreårige-saker til å

- ta hand om verjeansvaret åleine

- disponere bankkonto åleine

- drift av næringsverksemd

Inntil tre månader
Oppnemning av mellombels verje ved straffesaker og tilrettelagte avhøyr Umiddelbart
Godtgjering til verjer Inntil tre månader
Søknad om samtykke frå statsforvaltaren til å bruke kapital Inntil seks veker
Søknad om samtykke frå statsforvaltaren til å dele ut arveforskott og gåve

Inntil atten månader. 

Utdeling av jolegåve, konfirmasjonsgåve, bryllaupsgåve og liknande blir handtert fortlaupande etter kapasitet, og venta saksbehandlingstid for desse disposisjonane er cirka 2-3 månader

Søknad om samtykke frå statsforvaltaren til kjøp og sal av eigedom, gjeldsstifting og pantsetting Inntil tre månader
Stadfesting av at framtidsfullmakter er i kraft Inntil to månader
Oppnemning av mellombels verje ved skifte av dødsbu Inntil to månader
Kontroll av oppstilling over dødsbu med mindreårige arvingar Inntil åtte månader 
Oppnemning av mellombels verje ved skifte av uskiftebu og oppnemning av mellombels verje i uskiftebu Inntil tre månader
Klagesaker Inntil fire månader

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar