Innlevering av verjerapport 2025

Alle verjer med rapporteringsplikt (tidlegare rekneskapsplikt) skal levere verjerapport for 2025. Dokumenta i rapporten skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2026.

Publisert 03.02.2026

Fristen for innsending er fastsett i forskrift, og Statsforvaltaren har ikkje anledning til å gi utsetjing på denne.

Vi sendte 03.02.2026 informasjonsbrev om innsending av verjerapport 2025 til alle verjer som står registrert med aktive verjemål med rapporteringsplikt per 31.12.2025. Du finn òg brevet til høgre på denne sida.

Vi ønskjer at du sender rapporten digitalt. Du fyller ut skjema for årleg erklæring om rekneskap og forvaltning av formue (verjerapport – skjema GA-8042) og legg ved kontoutskrifter, og eventuell annan rekneskapsdokumentasjon.

Skjemaet finn du på https://www.vergemal.no/.

 

Nytt av året er at Statsforvaltaren sjølv innhentar kontoutskrifter direkte frå DNB, Nordea, og SpareBank 1-gruppa. Du treng derfor ikkje senda oss kontoutskrifter frå desse bankane;

 

DNB

Nordea

SpareBank 1 Gudbrandsdal

SpareBank 1 Hallingdal Valdres

SpareBank 1 Helgeland

SpareBank 1 Lom og Skjåk

SpareBank 1 Nord-Norge

SpareBank 1 Nordmøre

SpareBank 1 Ringerike Hadeland

SpareBank 1 SMN

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

SpareBank 1 Sør-Norge

SpareBank 1 Østfold-Akershus

SpareBank 1 Østlandet

Dersom du har disponert konto/er i andre bankar enn dei som er nemnd over, må du som tidlegare sende kontoutskrifter frå desse til oss.

Brukarrettleiing og nærare informasjon om innsending av verjerapport finn du også på  https://www.vergemal.no/.

Dersom du ikkje sender verjerapporten til oss digitalt, må du framleis nytta det gamle skjemaet “Fullstendigheitserklæring“.

Statsforvaltaren sender ikkje lenger ut skjema per post eller e-post.

Du treng ikkje å sende oss verjehavar si skattemelding eller årsoppgåver, då Statsforvaltaren innhentar desse opplysningane direkte frå Skatteetaten.

Dersom du har spørsmål, kan du ringe verjemålsseksjonen på telefon 55 57 23 00. Telefontid er måndag-onsdag 1200-1400.

Det er stor pågang på telefonlinjene våre, og vi har ikkje kapasitet til å svare på alle spørsmål på telefon. Vi oppmodar derfor om å sjå på Verjerapport og skattemelding før du ringer.

Du kan òg sende førespurnad via skjemaet «Melding til Statsforvaltaren» via vår eiga nettside  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.