Utviding av Ørnakken naturreservat
- Høyringsfrist:
- 1. juni 2019
Fylkesmannen har no verneframlegget for utviding av Ørnakken naturreservat i Skodje kommune på høyring. Dette er i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43. Utvidinga omfattar eit areal på 231 dekar og totalarealet for vern blir omlag 4452 dekar.
Publisert 26.03.2019
Området ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.
Innspel til verneframlegget må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller fmmrpostmottak@fylkesmannen.no innan 01.06.2019.
- Høyringsfrist:
- 1. juni 2019