Landbruksmelding viser retning for utvikling av landbruket
Fylkestinget vedtok 12. desember ei landbruksmelding for Møre og Romsdal. Meldinga skal vere retningsgjevande for utviklinga av næringa på regionalt nivå og bidra til å styrke landbruket og landbruksbasert næringsutvikling i fylket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det overordna målet i meldinga er at “Møre og Romsdal skal ha eit berekraftig og synleg landbruk over heile fylket”. Dette inneber:
• Å auke mat-, trevirke-, energi- og tenesteproduksjon minst i takt med etterspurnaden. Auken skal i størst mogleg grad vere basert på lokale ressursar
• Beredskap gjennom trygg produksjon av landbruksvarer
• Rammevilkår som sikrar inntekt og rekruttering
• Eit mangfald av produksjonar og bruksstrukturar
• Å sikre produksjonsgrunnlaget, både areal og menneskelege ressursar
• Å styrke produksjonsmiljø og klynger
Landbruksmeldinga dokumenterer status og utvikling i landbruket dei siste åra: Møre og Romsdal er eit sterkt mjølk- og storfefylke, med nesten 10 prosent av landets samla mjølkekvote. Grovfôrbaserte produksjonar står for 91 prosent av omsetninga, 92 prosent av verdiskapinga og 93 prosent av sysselsetjinga i jordbruket i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal har dei siste 50 åra hatt eit stort fokus på oppbygging av skogressursane ved skogplanting og kultivering. Denne skogen kan dei kommande 20 åra gje stor avkastning.
Sidan tusenårsskiftet er talet på gardsbruk i fylket gått ned med 37 prosent og talet på mjølkeproduksjonsbruk er halvert. Dei siste ti åra har det totale jordbruksarealet gått ned med ca. 50 000 dekar, beite medrekna.
Dei viktigaste utfordringane er knytt til
• Utvikle mjølkeproduksjonen og auke kjøttproduksjonen på storfe og småfe
• Halde landbruksareala og kulturlandskapet i hevd, auke beitebruken og produsere fôr av god kvalitet
• Stimulere produksjonsmiljø og kvalitet, samarbeid og innovasjon
• Rekruttere og bygge kompetanse og omdømme for næringa
• Satse på variert verdiskaping for å nytte ut ein større del av gardens ressursar
Stortinget har vedteke at norsk landbruksproduksjon skal aukast med 20 prosent innan 2030. I landbruksmeldinga er det sett konkrete mål og tiltak for mellom anna bevaring av produksjonsgrunnlaget, auka produksjon, meir beiting og forsterka rekruttering.