Helse- og sosialmelding 2012
Fylkesmannen har som oppgåve å følgje med og melde frå til sentrale styresmakter om dei lokale tilhøva i fylket. Helse og sosialmeldinga for 2012 viser deler av det Fylkesmannen har sett gjennom tilsyn, klagesaker og anna kontakt med tenestene i løpet av året.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
2012 var det første året i samhandlingsreforma. Intrykket er at reforma så langt stort sett har fungert etter planen. Avtalane mellom kommunar og helseføretaket er inngått som planlagt, og utskrivingsklare pasientar er tekne hand om i kommunane. Ein har ikkje sett fleire reinnleggingar i sjukehusa enn tidligare, og vi har motteke få klager.
Mykje godt kvalitetsarbeid blir gjort, likevel viser tilsyn i kommunar og føretak at det framleis er manglar i system, oppfølging og samhandling som skal sikre trygge tenester.