Ny giv i bygda? Søk støtte til bygdemobilisering!
Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer lag og organisasjonar til å søke om støtte til bygdemobiliseringsprosjekt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 27.03.2013
Målet med bygdemobilisering er å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivst og ungdom finn ei attraktiv framtid.Satsinga skal stimulere til auka trivsel, entreprenørskap og etablering av lokale arbeidsplassar, kort sagt: Medverke til at bygda også framover blir ein attraktiv buplass. Bygdemobiliseringa er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal og entreprenørskapsprogrammet hoppid.no.
Fristen for å søke er 1. mai 2013. Sjå vedlegg for meir informasjon.