Oppmodar kommunane å søke tilskot til rekruttering av leger

Fylkesmannen ber kommunane i Møre og Romsdal søke tilskot for å auke andelen fastlegar i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.05.2013

Helse- og omsorgsdepartementet løyver 75 millionar kroner til styrking av legeressursane i kommunane i 2013. Det gis et tilskot på inntil kr. 300 000 for kvar nye legeheimel/stilling som blir besett i 2013. I Møre og Romsdal er det fleire kommunar som har få eller ingen opne fastlegelister. Fylkesmannen ser med bekymring på at det er så marginal fastlegekapasitet i kommunane i fylket. Fastlegen er ein «joker» i samhandlingsreforma, og dette føreset at kommunane planlegger framtida med dette i mente. Fylkesmannen oppmodar derfor kommunane i Møre og Romsdal å søke tilskot til rekruttering av fastleger.

Lenkjer