Solholm inn i styret til Nynorsk kultursentrum
Fylkesmann Lodve Solholm er oppnemnt som styremedlem i Nynorsk kultursentrum fram til utgangen av 2017.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 17.02.2014
Det er Kulturdepartementet som har oppnemt Solholm til styremedlem for perioden 12.2.2014 - 31.12.2017.
Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik som er under etablering. Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet i slutten av juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen.
22 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga.