Utdeling av den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug vil dele ut den nasjonale kulturlandskapsprisen til Storfjordens Venner
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug vil dele ut den nasjonale kulturlandskapsprisen til Storfjordens Venner fredag 11. juli. Denne prisen blir delt ut kvart år i samarbeid mellom Stiftelsen Norsk Kulturarv, Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet.
Landbruks- og matministeren leiar juryen som peikar ut vinnaren. I år har det vore tilsaman 33 kandidatar. Storfjordens Venner har gjennom mange år gjort ein ekstraordinær innsats for halde vedlike dei veglause fjord- og fjellgardane i Storfjorden. – Og på den måten formidle kunnskap om levemåte, gardsdrift og byggeskikk i tidlegare tider. Prisen er på 50.000 kroner saman med eit grafisk blad.
Tid: Fredag 11. juli kl 12.00.
Stad: Ytste Skotet, Storfjorden.
Båt frå Dyrkorn kl 11.00 med retur frå Ytste Skotet kl 14.00.
Påmelding frå media og kontaktperson for landbruks- og matministeren:
Landbruksdirektør Anne Berit Løset, Tlf 992 54 459. anne.berit.loset@fylkesmannen.no.
Lenke til Landbruk- og matdepartementet sine sider:
Presseinvitasjon: Utdeling av den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014 - regjeringen.no