Oppstart for kommunereforma
Fylkesmannen og KS inviterer til ei felles oppstartssamling 17. september for alle kommunane i Møre og Romsdal i samband med gjennomføringa av kommunereforma.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stortinget vedtok før sommaren gjennomføring av ei kommunereform. Fram til og med 2016 er det kommunane sjølve som skal kjøre prosessar. Sagt på Stortinget under behandlinga 18.06.2014: « Det blir no gitt eit viktig oppdrag til alle kommunar som sjølv skal få diskutere og ta stilling til sin eigen utvikling for framtida».
Alle kommunar har fått eit ansvar for utgreiing, og det er eit mål å sørgje for gode og lokalt forankra prosessar. Fylkesmannen skal i samarbeid med KS være med å gjennomføre dei regionale prosessane.
Oppstartssamlinga er 17. september 2014, kl. 11.15 – 16, på Alexandra Hotell i Molde.
Meir informasjon om reforma, oppdraget til Fylkesmannen og oppstartsamlinga finn du til høgre under relaterte dokument.