TV-aksjonen 2014 – «Vann forandrer alt»

Årets TV-aksjon søndag 19. oktober går til Kirkens Nødhjelp og deira arbeid med  reint vatn. Fylkesmannen oppmodar skolane om å ta i bruk undervisningsmateriellet som er utvikla i samband med aksjonen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.08.2014

TV-aksjonen skal i år skaffe varig tilgang til reint vatn for over ein million menneske. Organisasjonen utviklar, i samarbeid med Gyldendal Norsk Forlag, eit internettbasert undervisningsopplegg om vatn. Undervisningsopplegget er knytt til kompetansemål i Kunnskapsløftet, og kan brukast i fleire fag. Vi oppmodar skolane om å ta i bruk undervisningsopplegget før sjølve aksjonsdagen 19. oktober, som ein integrert del av undervisninga.  Materiellet er tilgjengeleg på www.salaby.no  og på www.blimed.no .

For meir informasjon, sjå brevet i margen på høgre side.