Telekommunikasjonsproblem -- kontaktinformasjon

Fylkesmannen viser til problema i Telenor sitt mobilnett 30. oktober. I den pågåande situasjonen oppmodar vi alle som ikkje har kritisk bruk for telefonen til å vere tolmodige. Dei som har kritisk behov for å nå nødetatane kan ta ut sim-kortet frå telefonen og ringje 112.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.10.2014

Vi understrekar at det heilt unødvendig å ringje 112 for å fortelje at telefonen ikkje verkar. Vi kan heller ikkje sjå at nokon har behov for å teste dette, berre for testinga si skuld.

Det ser også ut til at dei fleste andre telekommunikasjonskanalar fungerer: andre mobilnett, fasttelefon og internett. Vurder derfor om slike tenester kan vere til hjelp.

For å få kontakt med Fylkesmannen i Møre og Romsdal i kveld og i natt, ring 71276043.

Eller send epost til fmmrberedskap@fylkesmannen.no