Betre oppvekst

Betre oppvekst er Statsforvaltaren i Møre og Romsdals si satsing på barn og unge. Under visjonen «Betre oppvekst for barn og unge i Møre og Romsdal» skal Statsforvaltaren alltid ha barn og unges oppvekstvilkår i fokus.


Publisert 17.04.2018

0-24samarbeidet

0-24-samarbeidet er ei felles satsing for fem departement for betre oppfølging av utsette barn og unge. Det overordna målet for samarbeidet er at færre barn og unge fell utanfor og at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring og kan forsørge seg sjølv gjennom arbeid.

 


Publisert 17.04.2018

Leikeplassar - Statsforvaltaren sine råd i plansaker

Planlegging av gode og trygge oppvekstmiljø for barn og unge er ei viktig kommunal oppgåve.  Tilrettelegging i nærmiljøet bidrar gjerne til betre helse, trivsel og oppvekst.


Publisert 03.01.2017

Barn som pårørende

Helsetenestene og alt helsepersonell har plikt til å ta vare på barn som pårørande. Kva tyder denne plikta i praksis?  


Publisert 03.11.2016

Barnekonvensjonen i praksis

1. og 2. november samla Nasjonal gruppe for Barnekonvensjonen 50 deltakarar frå snart alle fylkesmannsembeta og fleire direktorat på Voksenåsen i Oslo. Korleis barnekonvensjonen vert brukt i det daglege arbeidet hos Fylkesmannen, i direktorat, i kommune og i frivillig organisasjonar var tema for dagane.


Publisert 24.06.2015

Kartlegging av oppvekstkår

I dag var 22 kommunar samla for å sette igong kommunekartlegging 2015 for barn og unge i Møre og Romsdal. Føremålet er å få ei oversikt over dei samla oppvekstkåra deira.


Publisert 21.10.2014

Samarbeidsavtale om barn og unge er klar


Om satsinga Betre oppvekst

Statsforvaltaren sitt mangfaldige embetsoppdrag krev at vi løyser oppgåver knytt til målgruppa barn og unge på tvers av avdelingane. Med «barn og unge» tenker vi alle barn og unge frå 0–20 år.

Forankring i strategiplanen

Satsinga er eit samarbeids- og samordningstiltak for heile embetet, og har vore forankra i embetet sin strategiplan. Satsinga vart også vidareført for perioden 2017 – 2020; jf. kortversjon av FMMR Strategiplan 2017-2020. Hovudmål for BO-satsinga er at barn og unge sine oppvekstkår skal bli vurdert i alle avgjersler og i all aktivitet hos statsforvaltaren. Satsinga skal både direkte og indirekte føre til at arbeidet retta mot gruppa barn og unge skal blir meir heilskapleg og målretta, i tråd med Barnekonvensjonen.

Statsforvaltaren har no vedteke ny strategiplan for perioden 2020-2023. Barn og unge satsinga er vidareført som eit gjennomgåande perspektiv i den nye strategiplanen. 

Fire strategimål

Det er utarbeidd fire strategimål som satsinga «Betre oppvekst» skal bygge vidare på for å trygge barn og unge sin oppvekst. For å kome fram til dei fire strategimåla  har vi tatt utgangspunkt i mellom anna FN sin barnekonvensjon, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin strategiplan, embetsoppdraget og nasjonale føringar frå fleire departement. Dei fire måla er:

  • sikre medverknad
  • betre det fysiske oppvekstmiljøet
  • betre det psykososiale oppvekstmiljøet
  • redusere dei negative konsekvensane av sosiale skilnader

Tidlegare strategiplanar