Barnehage og opplæring

Barn med PC (illustrasjonsfoto).
Barn med PC (illustrasjonsfoto). Foto: Pixabay.
Oppdatert 13.08.2024

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Dei som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande opplæring varer fram til du har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Dette er nye reglar som gjeld frå 1. august 2024 når ny opplæringslov trer i kraft. Det er fylkeskommunen som har ansvar for opplæring på vidaregåande skule.

Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Statsforvaltaren skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Statsforvaltaren har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir


17.07.2025

Tilskudd til opplæring kvensk eller finsk som andrespråk

Tilskuddet skal bidra til at elever og lærlinger i videregående får opplæring i kvensk eller finsk.


17.07.2025

Tilskudd for å styrke språkutviklingen

Tilskuddet skal bidra til at kommunene kan styrke språkutviklingen blant minoritetsspråklige barn i barnehage.


17.07.2025

Tilskudd til opplæring i samisk i grunnskolen

Tilskuddet skal bidra til at elever i grunnskolen får opplæring i samisk i henhold til § 3-2 i opplæringsloven.


17.07.2025

To skular frå Møre og Romsdal nominerte til Dronning Sonjas skulepris 2025

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har nominert Allanengen skole i Kristiansund og Haramsøy skule i Haram til Dronning Sonjas skulepris 2025. Begge skulane har utmerkt seg med langsiktig og systematisk arbeid for eit inkluderande og likeverdig skulemiljø. 


04.07.2025

Foreslå ein skule til Benjaminprisen

Benjaminprisen blir delt ut kvart år til ein skule som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminering. Det er no ope for å foreslå kandidatar til årets pris.  


11.05.2025

Rettleiing for å behande klage på vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag for vaksne

Vaksne deltakarar har rett til å klage på vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag.


11.05.2025

Rettleiing for å behande klager på fastsett standpunktkarakter i fag for vaksne deltakarar

Vaksne deltakarar har rett til å klage på standpunktkarakter i fag.


11.05.2025

Informasjon til vaksne deltakarar om klage på fastsett standpunktkarakter

Nedanfor finn du informasjon om korleis du kan klage på fastsetting av standpunktkarakter i forberedande opplæring for vaksne (kommunen) og vidaregåande opplæring for vaksne (fylkeskommunen).


26.03.2025

Nominasjon til Dronning Sonjas skolepris 2025

Vi oppfordrar skoleeigarar til å føreslå kandidatar blant grunnskolar og vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Fristen er 1. juni 2025.


26.03.2025

Styrker kompetansen i barnehagar og skolar

Barnehagar og skolar får støtte til å samarbeide med universitet og høgskole om prosjekt som fremjar barn og unge sin utvikling, læring og trivsel.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel