Vidareutdanning for barnehagelærarar og styrarar
Barnehagelærarar som jobbar og er tilsett i ein barnehage kan no søke på vidareutdanning. Søknadsfristen er 1. mars.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
For studieåret 2022/2023 er det oppretta studieplassar fordelt på ulike vidareutdanningstilbod ved universitet og høgskolar. Tilboda er tilgjengelig i Udir sin studiekatalog: Studietilbud (udir.no)
Kommunen som barnehageeigar skal handsame søknader for barnehagelærarar i kommunale barnehagar. For private barnehagar skal styrar i barnehagen handsame søknadene. Det same gjeld for leiarutdanning for styrarar. Barnehageeigarar sin frist for å handsame søknadane er sett til 15. mars.
Nytt i 2022 er at barnehagelærarar også kan søke på studiar utanfor Udir sin katalog. Søknader til spesialpedagogikk og samiske fag blir prioritert i Udir sin søknadshandsaming.
Merk at søknader for leiarar skal gå direkte til universitet eller høgskule, og ikkje via søknadssystemet til Udir.
Les meir i lenkene i høgremenyen.