Klage på eksamen

Statsforvaltaren er klageinstans på sluttvurdering i grunnskolen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæringa. På denne sida vil du finne informasjon om korleis du skal gå  fram om du vil klage på eksamen.

Publisert 03.02.2025

Klage på skriftleg eksamen

Klaga skal leverast skriftleg til skolen eller i privatistportalen innan ti dagar etter at karakteren er gjort tilgjengeleg. Skolen registrerer klaga i PAS-eksamen. Oversikt over kven som er klageinstans for dei ulike faga, finn skolar og skoleeigarar i PAS-eksamen under fana Klageansvar.

For meir informasjon om klagebehandling for dei sentralt gitte eksamenane i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, sjå Utdanningsdirektoratet si nettside:

Klagebehandling grunnskolen

Klagebehandling videregående 

Klage på munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen 

Du kan berre klage på formelle feil ved gjennomføringa. Feila må da vere slik at dei kan ha hatt betydning for karakteren du fekk.

Reglar for lokalt gitt eksamen kan du lese meir om på Utdanningsdirektoratet si nettside.

Sjå også opplæringsforskrifta med merknader:  § 10-8 Klage på gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg | udir.no

Elevar

Klaga skal leverast skriftleg til skolen innan ti kalenderdagar etter at karakteren vart gjort kjent. Sensor, eksaminator og rektor uttaler seg, og rektor sender uttalane saman med klaga til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Om Statsforvaltaren kjem til at formelle feil kan ha virka inn på karakteren, skal karakteren annullerast. Ein elev som får karakteren annullert, kan velgje å gå opp til ny eksamen, jf. opplæringsforskrifta § 9-40. Om eleven vel å gå opp i eit nytt trekkfag, skal faget trekkast på nytt.

Privatistar

Privatistar må kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune om saksgang. Meir informasjon finn du her: Privatisteksamen

Dersom du får medhald i klaga på munnleg og munnleg-praktisk eksamen, skal karakteren annullerast, og du vil ha rett til å gå opp til ny eksamen det påfølgande semesteret.

Privatistar som ikkje har standpunktkarakter i faget, må gå opp til eksamen på nytt om  dei vil ha utstedt vitnemål.

Ved klage på munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen skal følgande dokument sendast inn:

  • Klaga frå eleven/privatisten
  • Elevar: Uttale fra rektor Privatistar: Uttale frå representant for fylkeskommunen
  • Uttale frå eksaminator
  • Uttale frå sensor
  • Eksamensoppgåva
  • Kommunen/fylkeskommunen sine retningslinjer for gjennomføring av desse eksamenane.
  • Andre dokument som er relevante for vår behandling av saka t.d kva informasjon som er sendt ut i forkant av eksamen.
  • Innsendar må hugse å oversende kopi av dokumenta som vert sendt til oss også til klagar. Send inn klaga i skjema under sikker melding