Statsbudsjettet for 2013 viser ei storsatsing på ungdomstrinnet
Kompetanseutvikling, nye valfag og ei fireårig tilskotsordning som eit forsøk med auka lærartettleik på ungdomstrinnet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I følgje statsbudsjettet for 2013, jf. Prop 1S (2012-2013) frå Kunnskapsdepartementet, gir regjeringa framlegg om å styrke heile grunnopplæringa med 483,43 mill kr. Den viktige satsinga på ungdomstrinnet auker og famnar om ulike kompetansetiltak, innføring av valfag og fleire lærarar. I følgje kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil ungdomstrinnet no få ei solid opprusting som vil bli merka av både lærarar og elevar. Kunnskapsdepartementet si pressemelding om satsinga på ungdomstrinnet, kan du lese under «Relevante dokument». Der finn du også Kunnskapsdepartementet sin artikkel med spørsmål og svar om tilskotsordninga for dei nye lærarstillingane. Vi viser elles til både Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet sin nettstad om ungdomstrinn i utvikling, som du finn under «Relaterte lenker».
Kompetanseutvikling for lærarar og leiarar
Som oppfølging av ungdomstrinnsmeldinga - St.m. nr. 22 (2010-11) – har Kunnskapsdepartementet laga ein strategi for ungdomstrinnet: «Motivasjon og mestring» - med skolebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, rekning, lesing og skriving, samt vurdering for læring. Opplæringa skal bli meir variert, praktisk og relevant, og alle ungdomsskolar i heile landet skal få midlar og støtte til etterutdanning av lærarar. Det er tilsett fylkesvise GNIST-koordinatorar over heile landet som skal «hjelpe» kommunane og skolane med å planleggje og gjennomføre skolebasert kompetanseutvikling frå skoleåret 2013/14. Inneverande skoleår blir det gjennomført ei pilotering i skolebasert kompetanseutvikling i 22 kommunar, der m.a. Rindal og Surnadal er med frå Møre og Romsdal. Regjeringa sin ambisjon er at alle skolar med ungdomstrinn skal delta i satsinga i løpet av dei neste fem åra.
Innføring av nye valfag
Hausten 2011 vart det innført valfag på 8. trinn i ungdomsskolen, og regjeringa tar sikte på å innføre valfag på 9. trinn frå hausten 2012. I tillegg til dei åtte valfaga som det er laga læreplanar til, er sju nye valfag under utarbeiding. - Valfaga for skoleåret 2012/13 er: 1) Produksjon for sal og scene, 2) Produksjon av informasjon, 3) Produksjon av varer og tenester, 4) Fysisk aktivitet og helse, 5) Design og redesign, 6) Forsking i praksis, 7) Internasjonale kontraktar og 8)Teknologi i praksis. - Dei nye sju valfaga som kjem i tillegg til desse frå skoleåret 2013/14, er: 1) Natur og miljø, 2) Demokrati i praksis, 3) Levande kulturarv, 4) Trafikk, 5) Trender og forbruk, 6) Med verda som mat og 7) Innsats for andre. - Hausten 2014 vil valfag bli innført også for 10. årstrinnet.
Auka lærartettleik
Statsbudsjettet for 2013 gir framlegg om å opprette ei fireårig tilskotsordning – i alt 1,5 milliarder kroner - som eit forsøk med auka lærartettleik på ungdomstrinnet. Målet er at dei ekstra lærarressursane vil gjere det enklare å tilpasse opplæringa og stimulere til ei meir praktisk, variert og relevant undervisning. Fleire lærarar vil kunne styrkje elevane sine grunnleggjande dugleikar og redusere behovet for spesialundervisning. Regjeringa vil foreslå ei endring i opplæringslova som gir heimel for å konkretisere elevtalet per lærar på eit seinare tidspunkt. Dette er, i følgje kunnskapsministeren, eit første steg mot ein lovfesta ressursnorm i grunnskolen.
Kommunar som har skolar med ein gjennomsnittleg gruppestorleik på over 20 elevar per lærar på ungdomstrinnet og grunnskolepoeng under landsgjennomsnittet, blir omfatta av forslaget. Totalt utgjer dette 166 skolar over heile landet, derav 6 skolar i Møre og Romsdal. Desse skolane er Tomrefjord skule, Averøy ungdomsskole, Frei ungdomsskole, Nordlandet ungdomsskole, Sykkylven ungdomsskole og Atlanten ungdomsskole. Tilsaman utløyser desse skolane 19 nye lærarstillingar (2 + 3 + 3 + 3 + 4 + 4).
Kunnskapsdepartementet vil utarbeide retningsliner for denne tilskotsordninga, herunder rutinar for søknad, rapportering, m.m. Det er kommunane/ skoleeigarane som vil måtte søkje på vegne av sine skolar. Utlysing av midlane vil truleg skje mot utgangen av 2012/byrjinga av 2013.