Inkluderande barnehage- og skulemiljø
Fem kommunar frå Møre og Romsdal; Rindal, Eide, Fræna, Skodje og Herøy, deltek i pulje 1 saman med kommunar frå Aust- og Vest Agder, Finnmark, Nordland, Oppland og Vestfold.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Utdanningsdirektoratet har, på bakgrunn av blant anna Meld.St.19 (2015-2016) Tid for lek og læring – Bedre innhold i barnehagen og NOU 2015:2 Å høre til – Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø, fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å tilby kompetanseutvikling som skal styrke barnehagane, skulane og eigarane sin kompetanse i å handtere mobbing. Kompetanseutviklinga skal fremme trygge miljø og førebygge, avdekke og handtere mobbing og andre krenkingar. Ein del av denne kompetanseutviklinga er eit tilbod om barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling med lærande nettverk.
Tilbodet er retta inn mot barnehagemyndigheiter, barnehagar, skuleeigarar og skular. Tilbodet strekkjer seg over fire semester – frå november 2016 til desember 2018.