Når Statsforvaltaren behandlar søknader om å halde ope på søndagar og heilagdagar, legg vi vekt på omsynet til arbeidstakarane. Vi kan gi dispensasjon når det er særlege grunnar til det, til dømes i samband med større hendingar, idrettsmeisterskap, jubileum, stemne og marknader. Når vi behandlar ein søknad, vurderer vi alle sider ved arrangementet, også omsynet til arbeidstakarane ved utsalsstaden. Vi hentar inn fråsegner frå fleire partar, og du bør sende søknad om dispensasjon tre månader før den aktuelle søndagen eller heilagdagen.
Statsforvaltaren kan etter søknad frå kommunen avgjere at eit område skal reknast for typisk turiststad for heile eller delar av året. Då gjeld ikkje avgrensingane i opningstid i lov om heilagdagar og heilagdagsfred.
Opningstider for utsalsstader
Oppdatert 03.01.2025
Butikkar skal som hovudregel halde stengt på søndagar og heilagdagar. Statsforvaltaren kan gi dispensasjon frå dette. Du søkjer om dispensasjon direkte til Statsforvaltaren.
Bud i Hustadvika kommune får utvida status som typisk turiststad
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal endrar gjeldande forskrift og utvidar Bud sin status som typisk turiststad. Dette betyr at butikkar i Bud kan halde ope på søndagar i perioden frå palmesøndag til 30. september.