Nye telefontider for enkelte tenester

Frå og med 7. april 2026 innfører vi nye, faste telefontider for tenestene som behandlar separasjon og skilsmisse, oskespreiing og biologisk opphav.

Publisert 26.03.2026

Telefonen vil vere open måndagar og torsdagar kl. 12.00–14.00.

Desse tenestene får òg nytt telefonnummer. Du kan nå oss på 71 25 84 20.

Årsaka til at vi innfører telefontider, er ein stor auke i saksmengda. Vi ønsker å behandle sakene raskare, og prioriterer derfor meir tid til skriftleg saksbehandling.

Bruk gjerne sikker melding

Vi oppfordrar deg til å bruke Sikker melding til Statsforvaltaren frå privatpersonar. Tenesta er kryptert, og meldinga kjem rett inn i saksbehandlingssystemet vårt. Her kan du trygt sende sensitiv informasjon.

E-post

Dersom du vil kontakte oss med informasjon som ikkje er sensitiv, kan du sende e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no. Hugs å ta med saksnummer, slik at vi lettare finn saka di.

Det er viktig at du ikkje sender personopplysningar på e‑post.

Kontaktpersonar