Trus- og livssynssamfunn

Oppdatert 24.06.2024

Trus- og livssynssamfunn kan krevje tilskot frå staten. Trussamfunnslova stiller krav om minst 50 tilskotsteljande medlemmer. Nye trus- og livssynssamfunn må registrere seg før dei kan få tilskot. Alle samfunna skal bruke den digitale løysinga til å sende inn søknad om registrering, krav om tilskot med meir. Fristen for å kreve tilskot er 1. mars kvart år.

Satsen som blir brukt for å berekne statstilskotet til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er 1419 kroner per medlem. 

  • Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus behandlar saker som gjeld samfunn i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.
  • Saker som gjeld trus- og livssynssamfunn med adresse utanfor Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus blir behandla hos Statsforvaltaren i Agder.

Frist for å sende inn årsrapport og rekneskap er 10. april.

Sjå meir informasjon om ordninga og bruk av den digitale løysinga.

Vis meir


Publisert 21.01.2021, Sist endra 21.01.2021

Tilskot til trus- og livssynssamfunn

Statsforvaltaren i Agder behandlar saker om tilskot til trus- og livssynssamfunn i Møre og Romsdal.


Publisert 20.10.2020, Sist endra 28.12.2020

Ny lov om tros- og livssynssamfunn

Antallskrav for registrering og tilskudd, sammenslåing av tros- eller livssynssamfunn, organisasjonsnummer.