Rettane til menneske med nedsett funksjonsevne
FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) skal bidra til å motvirke diskriminering. I perioden 2023–2025 skal kommunar og Statsforvaltaren bli betre rusta til å bruke konvensjonen i sitt daglege arbeid.
Regjeringa har gitt Barne-, ungdoms- og - familiedirektoratet, Bufdir, ansvaret for å leie prosjektet. Målet er at Statsforvaltaren og kommunane skal innarbeide CRPD i sine oppgåver.
Skal gi likestilling
Personar med funksjonsnedsetting vert oftare enn andre utsett for brot på menneskerettane. Målet til regjeringa er at alle skal vere likestilt i samfunnet. Alle skal kunne delta, bidra og leve frie, sjølvstendige liv.
Norske kommunar er forplikta til å følgje menneskerettskonvensjonane som Norge har slutta seg til, som CRPD. Statsforvaltaren og kommunane skal jobbe aktivt for å oppnå likestilling for personar med funksjonsnedsetting.
Auka kompetanse
Gjennom CRDP-prosjektet skal kommunane og statsforvaltarane få auka kompetanse om korleis vi skal vareta menneskerettane for personar med funksjonsnedsetting.
CRPD skal bli brukt aktivt hos statsforvaltarane og i kommunane, i kommunanes planstrategi, kommuneplan og i malane for vedtak. CRPD skal være synleg i saksbehandlinga av saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting og vere rettleiande når vi utformar og yter tenester til denne gruppa.
Statsforvaltaren skal støtte kommunane
Statsforvaltaren skal støtte kommunane gjennom kompetansehevande tiltak og rettleiing når det gjeld bruken av CRPD. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har utvikla ein rettleiar, som kan vere til god hjelp for kommunane, og vise veg for korleis konvensjonen skal bli tatt i bruk. Det er også laga teikningar og filmar som kan bli brukt til refleksjon. Desse er nyttige å bruke for å forstå og bruke CRPD i praksis.
Alle kommunar skal vere med innan 2025
Bufdir har mål om at alle kommunar skal vere involvert i prosjektet, gjennom opplæring frå statsforvaltaren i løpet av prosjektperioden 2023–2025. Kommunane bestemmer sjølv korleis dei ønsker å organisere arbeidet i samband med den nasjonale utrullinga av CRPD-prosjektet.
Meir informasjon om korleis Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil arbeide med dette prosjektet kjem på nyåret i 2024.