Meldeportal for verksemder

På melde.no kan helsepersonell melde om uønska hendingar i helse- og omsorgstenesta.
På melde.no kan helsepersonell melde om uønska hendingar i helse- og omsorgstenesta. Foto: melde.no.

Ein meldeportal skal bidra til at helse- og omsorgstenesten kan lære av uheldige hendingar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.02.2021

Alle verksemder som yt helse- og omsorgstenester har plikt til å varsle dødsfall og svært alvorleg skade på pasient eller brukar som har samanheng med helsehjelpa. Varslingsplikta gjeld når utfallet er utanfor pårekneleg risiko. Meldingar tas imot og vurderast av Statens helsetilsyn.

Norsk Helsenett har i samarbeid med Statens helsetilsyn vidareutvikla den elektroniske meldeportalen på www.melde.no til også å omfatte varselordninga til Statens helsetilsyn. Denne er no klar til å bli tatt i bruk.

Pasientar, brukarar og nærmaste pårørande skal inntil vidare bruke lenka «Jeg vil varsle om en alvorlig hendelse» på www.helsetilsynet.no dersom dei ønsker å varsle alvorlege hendingar.

Meir informasjon om varselordninga og www.melde.no ligg på www.helsetilsynet.no.