Psykisk helse og rus

Oppdatert 17.09.2024

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar, skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir


Publisert 15.11.2024

Handtering av traumer

12 kommunar har til saman deltatt på kursleiar-kurs i TRT - Teaching Recovery Techniques – som er ein lågterskelintervensjon for å redusere traumerelaterte psykiske plager hos flyktningborn og unge.


Publisert 05.11.2024

Økende interesse for recovery-baserte tjenester i fylket vårt

Dårleg vêr førte til noko fråvær, men fem kommunar møttest torsdag 31.10 i Ålesund for å lære om korleis arbeide meir recoverybasert i sine tenester innan psykisk helse og rus


Publisert 08.10.2024

10.oktober - Verdsdagen for psykisk helse

Årets tema er at me treng og snakka meir saman. Oppmodinga er å gi 8 minutt av di tid til nokon du bryr deg om.


Publisert 03.10.2024, Sist endra 03.10.2024

Digital konferanse om FACT ung

Den 26.september ble det avholdt en konferanse om FACT-ung. Konferansen var aktuell for alle som er interessert i FACT ung-satsinga, og kan sees i opptak.


Publisert 20.09.2024

Deler kompetanse om rus og psykisk helse

Kommunane skal både førebyggje, behandle og ivareta den stadig aukande gruppa av personar som søker hjelp for ulike utfordringar innan psykisk helse og rus.


Publisert 29.01.2024

Rådgjevande eining for russaker

Helsedirektoratet har samla informasjon og rettleiing om rådgjevande eining for russaker på ei nettside.


Publisert 08.12.2023

Retten til eit anstendig liv

For å heve levealderen hos personar med rus- og psykiske helseutfordringar har kommunane Averøy, Aukra, Surnadal og Sunndal utvikla tiltak gjennom prosjektet MUST, som står for «Muligheter og Utfordringer i Samarbeid på Tvers».


Publisert 14.11.2023

Rettleiar for psykisk helsearbeid barn og unge

Rettleiaren skal gi anbefalingar om korleis oppnå eit heilskapleg og samordna psykisk helsearbeid for barn unge, frå helsefremjande og førebyggande arbeid til oppfølging og behandling.


Publisert 21.06.2023

Opptrappingsplan for psykisk helse (2023-2033)

Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023 – 2033) skal bidra til at fleire får oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at sosiale forskjellar i psykisk helse vert redusert. 


Publisert 23.06.2021

Gjennomført opptrappingsplan for rusfeltet

Regjeringa sin opptrappingsplan har gjort at kommunane sin kapasitet og kompetanse på rusfeltet har auka. Utviklingsarbeidet innan rusfeltet har og vorte styrka.