Kunngjering av offentleg verv

Ledige verv for leiar og vara for leiar i Kontrollkommisjonen for det psykiske helsevern ved Helse Møre og Romsdal HF – sjukehusa i Volda og Ålesund frå 1.1.2025 (ønskjeleg med overlapp med noverande leiar frå ca. 1. november).  

Publisert 28.08.2024

Statsforvaltaren har fått delegert å nemne opp medlemmar til kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. Alle institusjonar der nokon er under psykisk helsevern skal ha ein slik kommisjon.

Om kontrollkommisjonen

Kontrollkommisjonen er eit uavhengig klageorgan for pasientar og pårørande.

Medlemmane i kommisjonen besøkjer dei psykiatriske avdelingane med visse mellomrom. Dei skal, i den grad det er mogleg og naudsynt, også føre kontroll med pasientane si velferd. Dei kan og ta opp saker på eige initiativ. I tillegg består mykje av arbeidet i å behandle klagar frå pasientar og pårørande.

Medlemmar i kommisjonen må ha interesse for arbeidsfeltet og vere personleg eigna; ha samarbeidsevner og kunne kommunisere med menneske i krise.

Samansetning av kommisjonen

Ein jurist som er kvalifisert til å gjere teneste som dommar skal leie kommisjonen. I tillegg skal det vere ein lege og to andre medlemar, alle med personlege vara.

Medlemmane blir vanlegvis oppnemnt for fire år om gongen. Verva blir løna for utført arbeid og oppmøte etter Statens regulativ.

I Møre og Romsdal har vi to kontrollkommisjonar, ein for sjukehusa på Sunnmøre og ein for sjukehusa på Nordmøre og i Romsdal.

I kommisjonen for sjukehusa i Volda og Ålesund er desse verva ledige frå 1. januar 2025:

  1. Leiar av kontrollkommisjonen
  2. Vara for leiar

Vi ønskjer at leiar kan starte ca. 1. november 2024 slik at vi får ein overlapp med noverande leiar. 

Faste møte i denne kommisjonen vert haldne ved Ålesund sjukehus. 

Leiar og vara av kommisjonen

Sjå krava i domstollova §§ 53-55. Du må mellom anna

  • vere norsk statsborgar
  • vere over 25 år
  • ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • tilfredsstille høge krav til faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Anbefalt øvre aldersgrense er 70 år.

Leiar bør ha erfaring enten som dommar/dommarfullmektig, barneverns- og helsenemnds leiar eller innan helse- og sosialrett, eksempelvis frå advokatpraksis eller arbeid i offentleg forvaltning.

Kontaktinformasjon

Om du er interessert i eit spennande og lærerikt verv og/eller har spørsmål, kan du ta kontakt med:

Mette Ekroll Nyland, advokat og leiar i kontrollkommisjonen

E-post: nyland@grimmeradvo.no

Telefon: 911 49 747

eller

Ann Lilly Inderhaug Orvik, underdirektør, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,

E-post: ann.orvik@statsforvaltaren.no

Telefon: 71 25 85 35

Søknad

Sende søknaden på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no

Det må kome tydeleg fram kva verv du søker.

Merk søknaden: Søknad på verv i Kontrollkommisjon for psykisk helsevern.

Søknadsfrist : 20.9.2024