Velferdsteknologi

Målet er at alle kommunane i Møre og Romsdal er at velferdsteknologi skal vere ein integrert del av tenestetilbodet i helse- og omsorgstenestene. Med velferdsteknologi meines først og fremst teknologisk assistanse som bidrar til auka tryggleik, sikkerheit, sosial deltaking, mobilitet og fysisk og kulturell aktivite. Og styrkar den enkelte sin evne til å klare seg sjølv i kvardagen til tross for sjukdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne.

Publisert 10.04.2014, Sist endra 07.02.2024

Velferdsteknologi kan og fungere som teknologisk støtte til pårørande og elles bidra til å forbetre tilgjengelegheit, ressursutnytting og kvalitet på tenestetilboda. Velferdsteknologiske løysingar kan i mange tilfelle førebygge behov for tenester eller behov for institusjonsopphald.