Vil ha lik praksis i behandling av klager

Bilde av dei som deltok på møtet foran Fylkeshuset i Molde.
Desse deltok på møtet: Frå venstre, Anne-Sofie Syvertsen, seniorrådgivar i Helsetilsynet, Harald Digernes, spesialrådgivar i KS Møre og Romsdal, Wenche Solheim, leiar av kommunedirektørutvalget i KS Møre og Romsdal, Lene Bjørlo Overå, kommunalsjef helse og omsorg i Giske kommune, Anette Olsen, advokat i KS, Per Are Sørheim, leiar av KS sitt fylkesstyre i Møre og Romsdal, Sjur Lehmann, direktør i Statens Helsetilsynet, Rigmor Brøste, ass. statsforvaltar i Møre og Romsdal. Underdirektør Grete Teigland frå Statsforvaltaren deltok også på møte. I tillegg deltok Avdelingsdirektørene Anne Myhr og Vigdis Malt Marøy frå Helsetilsynet i møte på TEAMS. Det same gjorde fylkeslege Karin Müller Mikaelsen. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Samanhengen mellom kommunane sine helse- og omsorgstenester og økonomi var tema i møte mellom leiinga i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Statens helsetilsyn og i KS Møre og Romsdal.

Publisert 26.05.2025

Eit hovudtema var korleis Statsforvaltaren sine vedtak i klagesaker på helse- og omsorgstenester kan verke inn på kostnadsnivået i kommunane.

Det var Statsforvaltaren som inviterte til møte tidlegare i mai.

Praksis i klagebehandling ligg på landssnittet

KS viste til statistikk frå 2015–2022 som tydde på at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, oftare enn andre statsforvaltarar, sende klagesaker tilbake til kommunane. Statsforvaltaren la fram ferske tal frå 2023 til første tertial 2025 som viser at praksisen no ligg på landsgjennomsnittet.

–  No opphevar, endrar eller stadfestar vi kommunale vedtak i same omfang som andre statsforvaltarar, seier assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste.

Ønske om lik praksis

Statens helsetilsyn orienterte om at dei arbeider med å harmonisere saksbehandlinga til dei ti statsforvaltarane. Målet er å minske ugrunna forskjellar i praksisen. Helsetilsynet ønskjer òg å involvere Helsedirektoratet tettare i dette arbeidet. 

– Sjølv om saksbehandlinga skal bli meir lik, skal den einskilde sitt behov alltid bli individuelt vurdert. Internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til, skal framleis skal vere utgangspunktet for vedtak om helse- og omsorgstenester, seier Brøste.

Krevjande økonomi og rekruttering i kommunane

Alle i møtet var samde om at kommunane står i ein krevjande situasjon både økonomisk og i å få rekruttert kvalifisert arbeidskraft.

– Etterspurnaden av helse- og omsorgstenester aukar. Dette er ein følgje av eit aukande tal av pasient- og brukarrettar som er vedtekne dei siste tiåra, og at det stadig blir fleire eldre i kommunane, seier Brøste.

Nytt møte til hausten

Det er avtalt eit nytt møte mellom KS lokalt og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal til hausten.

– I mellomtida arbeider både kommunane og andre forvaltningsnivå nå mykje med omstilling. Statens Helsetilsyn sitt arbeid med å harmonisere saksbehandlinga av klager på helse- og omsorgstenester er eksempel på dette, seier Brøste.