Søknad om løyve til utslepp for øvingsanlegg på Melsgjerdet i Ørsta

Høyringsfrist:
30. november 2023 23:59

Ørsta kommune ved Brann og redning har søkt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om løyve til drift av anlegg for brann- og redningsaktivitetar på eit nytt øvingsfelt på Melsgjerdet industriområde.

Publisert 27.10.2023

Øvingsområdet skal nyttast av Ørsta brann og redning sine eigne mannskapar, samt andre naudetatar, frivillige organisasjonar, fleire kommunar/brannvesen og bedrifter/institusjonar.

Årleg er området tenkt å brukast til:

* Varme røykdykkarøvingar i røykdykkarhus (varmeanlegg), ca. 60 øvingar

* Overtenningsøvingar (varmeanlegg), ca. 30 øvingar

* Oljebrann/sløkkeøving (dropplate), ca. 25 øvingar

* Bilbrann (dropplate), ca. 10 øvingar

 

Søknaden kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Ei eventuell uttale eller merknadar til søknaden kan sendast innan 30.11.2023 til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no

Høyringsfrist:
30. november 2023 23:59