Oppstart med vern av verdfull skog

Høyringsfrist:
5. februar 2024 23:59
Vatten og skog.
Fløystaddalen i Tingvoll er eitt av områda som har tilbod om vern. Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren melder oppstart av vern av 10 verdfulle skogområde. Alle områda er tilbydd av grunneigarane etter ordninga med frivillig vern.

Publisert 16.01.2024

Det er skogeigarforeininga Allskog som har formidla tilboda. Vern er eit viktig tiltak for å ta vare på eit representativt utval av ulike skogtypar for framtida. Nær halvparten av alle truga artar lever i skogen, så vernet sikrar leveområde for artar og naturtypar i norsk skog. Stortinget har difor vedteke eit mål om å verne 10 prosent av skogarealet i landet.

Tilboda

Totalt gjeld tilboda vel 18203 dekar spreidd i heile fylket som følgjer:

  • Otterdal Aust, Volda kommune
  • Båtneset ved Sulesund, Sula kommune
  • Utviding av Skinstadreset naturreservat ved Digerneset, Ålesund kommune
  • Grøtura ved Vatne, Haram kommune
  • Fløystaddalen, Tingvoll kommune
  • Viromdalen, Sunndal kommune
  • Dalan i Nordmarka, Surnadal kommune
  • Høgbakkan i Todalen, Surnadal kommune
  • Ramsøy nord og Kleivalia i Todalen, Surnadal kommune
  • Husbyfjellet, Aure kommune

Store verdiar

Områda har store verdiar knytt til ulike typar edellauvskog og kystfuruskog, og samstundes ligg mykje av dette vanskeleg til for uttak og skogsdrift. Det er planta og spreidd litt gran i nokre av områda. Dette kan det bli aktuelt å ta ut etter eit vern. Avverkinga i skogbruket i Møre og Romsdal gjeld i stor grad planta gran og noko furu på gode bonitetar. Vern av skog vil i liten grad omfatte slike område.

Restriksjonar på bruken

Vern som naturreservat medfører restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan føre til endringar av naturmiljøet er forbode, som oppføring av nye bygg, vegar, kraftutbygging, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel m.v. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad.

Friluftsliv kan halde fram 

Vanlege friluftslivsaktivitetar kan halde fram som før. Vernet hindrar ikkje vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.

Innspel og synspunkt

Eventuelle innspel og synspunkt på verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, evt. på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 05.02.2024.