Søknad om utsleppsløyve ved mudring i Gaulosen i Melhus kommune (settestatsforvaltar)

Høyringsfrist:
9. august 2024 23:59

Statsforvalteren i Trøndelag søkjer om løyve til mudring ved Gaulosen i Melhus kommune. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal handsame søknaden som settestatsforvaltar.

Publisert 05.07.2024

Det skal mudrast for å auke djupna i elveosen for å sikre verneverdiane innanfor Gaulosen naturreservat. Det skal mudrast om lag 7500 m3 massar frå eit areal på om lag 6650 m2. Mudringsmassane skal leggast på elveholmen Storøra.

Søknaden kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Ei eventuell høyringsuttale skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 09.08.2024.

Høyringsfrist:
9. august 2024 23:59

Kontaktpersonar

Dokument