Vern av skog i Sunndal og Tingvoll

Høyringsfrist:
20. mars 2025

Statsforvaltaren melder oppstart av vern av nye naturreservat i samsvar med naturmangfaldlova § 42. Områda er med i ordninga frivillig vern av skog.

Publisert 13.02.2025

Statsforvalteren har i oppdrag å ta vare på trua natur, sørge for intakte økosystem og at et representativt utval av norsk natur blir bevart for kommande generasjonar. Verkemidlet for å nå desse måla er mellom anna områdevern som sikrar leveområde og samanhengande økosystem frå å bli nedbygd.

I denne oppstartsmeldinga ønsker vi å varsle igangsetting av verneprosess for tre områder som har som mål å bli verna som naturreservat. Baklia – Almhølu og Ivarsnasen på Gjøra ligg i Sunndal kommune, mens Buavika ligg på Aspøya i Tingvoll kommune.

Har du merknader til meldinga, eller ser det manglar relevante partar på mottakarlista, kan du gi tilbakemelding til;

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,
postboks 2520, 6404 Molde, eller
sfmrpost@statsforvalteren.no

Frist for tilbakemelding er 20. mars 2025.

Etter Oppstart vil Statsforvaltaren lage verneframlegg med forslag til forskrift som kjem på høyring i ein 2 månaders periode, får vi sender ei tilråding til Miljødirektoratet. Områda er vurdert av skogbruksforvaltninga som eiga interessevurdering som vil ligge ved høyringa.