Oppstartsmelding for vern av skog

Høyringsfrist:
1. juni 2026 23:59
Bårsetfjellet. Foto: Per Eide.

Statsforvaltaren melder med dette oppstart av arbeid med utviding av foreslått naturreservat ved Husbyfjellet i Aure kommune.

Publisert 28.04.2026

Tilbodet om vern kjem frå grunneigarane etter ordninga for frivillig skogvern. Området har eit areal på ca. 1.178 daa, og vil meir enn fordoble verneframlegget som ligg til sluttbehandling.

Det er ønskjeleg å få fram mest mogeleg kunnskap og informasjon om bruken av området, samt kulturverdiar og anna som kan vere aktuelt å ta omsyn til ved utarbeiding av eit endeleg verneplanframlegg.

Hovudføremålet med vern er å sikre biologisk verdfulle skogsområde som ein del av naturarven. Vern som naturreservat inneber den strengaste verneforma etter naturmangfaldlova, og konsekvensen er eit forbod mot alle tiltak som kan endre naturmiljøet.

Dei naturfaglege data viser at områda har kvalitetar for vern som naturreservat. Her er registrert nedbørsrike furuskogar med mange raudlista artar. Det er ein føresetnad for vern at det vert inngått avtale om erstatning.

Sjå lenka til kart som viser tilbydd skogområde.

Etter denne innspelsfasen vil det bli laga eit verneframlegg med verneforskrift og tilhøyrande vernekart. Dette blir sendt på høyring med ein frist på om lag 2 månader. Eventuelle spørsmål om verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, ev. på e-post sfmrpost@statsforvalteren.no.

Fristen for å kome med merknader/innspel til oppstartsmeldinga er 01.06.2026.

Høyringsfrist:
1. juni 2026 23:59