Melding om oppstart av verneområde for skog i Fjord og Surnadal kommunar
- Høyringsfrist:
- 3. august 2026
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder om oppstart av verneplanprosess for to nye naturreservat i fylket, i tråd med Naturmangfaldlova § 42.
Eit av skogsområda ligg ved Dyrkorn i Fjord kommune og er kalla Bjørkneset naturreservat. Det andre er kalla Bøkleppen naturreservat, og ligg i Surnadal kommune.
Områda ligg på privat grunn og er tilbydd etter ordninga med frivillig vern av skog.
Føremålet med vernet er å ta vare på biologisk verdfulle skogsmiljø og sikre dei for framtidige generasjonar. I desse områda er det naturverdiar knytt til frisk rik edellauvskog og kalk- og lågurtfuruskog.
I naturreservat er det forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.
Vidare prosess
No i oppstartsfasen er det ønskeleg å få mest mogleg kunnskap og informasjon om bruken av området, samt kulturverdiar og anna som kan vere aktuelt å ta omsyn til ved utarbeiding av eit endeleg verneplanframlegg.
Innspel og merknader til denne oppstartsmeldinga kan sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eventuelt på e-post sfmrpost@statsforvalteren.no. Frist er 3. august 2026.
Etter denne fasen vil det bli laga eit verneframlegg med verneforskrift og tilhøyrande vernekart. Dette blir sendt på høyring med ein frist på om lag to månader.
- Høyringsfrist:
- 3. august 2026
Kontaktpersonar
-
Hege Steigedal
Tlf: 71 25 84 80 -
Marita Fjelle Hegg
Tlf: 71 25 84 61 -
Ola Betten
Tlf: 71 25 84 76