Oppstartsmelding for vern av skog langs Hjørundfjorden
- Høyringsfrist:
- 7. august 2026
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder oppstart av plan for utvida vern av to naturreservat langs Hjørundfjorden.
Publisert 26.06.2026
Områda er tilbydd av grunneigarane etter ordninga med frivillig vern.
Utvidingane vil kunne tilføre meir vern av dei artsrike edellauvskogsliene langs Hjørundfjorden som er verna frå før. I tillegg er det tilbydd vern av olivinskog sør for Lindermen som kan bli eit verdfullt supplement til dagens naturreservat.
Innspel til verneplanarbeidet kan sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eventuelt på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 07.08.2026.
Etter oppstart vil eit verneforslag med utgreiingar og verneforskrift bli lagt ut på høyring i ein periode på to månader.
- Høyringsfrist:
- 7. august 2026
Kontaktpersonar
-
Marita Fjelle Hegg
Tlf: 71 25 84 61 -
Hege Steigedal
Tlf: 71 25 84 80 -
Ola Betten
Tlf: 71 25 84 76