Ekstra skjønnsmidlar grunna Covid-19
Møre og Romsdal har fått 28 millionar kroner til fordeling i fylket. Dei ekstra skjønnsmidlane skal bli brukt på utgifter knytt til smittevern i kommunane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stortinget har vedtatt å auke skjønnsramma til kommunane med 1,5 milliardar kroner i første halvår 2021, Prop. 1 S Tillegg 1 (2020-2021). Møre og Romsdal fekk 28 millionar av denne skjønnsramma til fordeling.
Smittevern og TISK
Skjønnsmidlane skal ivareta kommunevise variasjonar i utgifter knytt til smittevern og oppfølging av TISK-strategien. Midlane blir dermed målretta til kommunar som har høgast meirutgifter i dette arbeidet under pandemien.
Fordeling av midlane
I fordelinga av midlene har Statsforvaltaren tatt omsyn til kommunene sin rapportering frå mars på meirutgifter til TISK og smittevern.
I tillegg har totalvurderinga blitt gjort ut frå:
- Oppdaterte tall sendt inn frå dei kommunane som har hatt størst smittetrykk
- Skjønnsmidlane som ble gitt i tillegg gjennom innbyggartilskotet grunna pandemien for første halvår 2021.
- Tall for antall smitta hittil i år, samt tall for antall testa.
Midlane vert utbetalt i juli (termin 7) og er fordelt etter vedlagte tabell.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44