Fylkesvis skjønnsramme 2022 – Møre og Romsdal
Statsforvaltaren tildeler årleg skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. For 2022 skal 54 millionar fordelast.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 12.10.2021
Statsforvaltaren har på bakgrunn av retningslinjene for skjønnstildelinga og innspel frå kommunane fordelt 19 650 000 kroner til statsbudsjettet for 2022.
Resterende ramme for 2022 på 34 350 000 kroner blir fordelt til ordinært skjønn og prosjektskjønn ved eit seinare høve. Dette vil bli kunngjort.
Det vil bli sendt ut brev til alle kommunane kor vi går litt meir i detalj om grunnlaget for tildelinga.
Sjå vedlagte tabell for den kommunevise tildelinga.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44