Ørsta kommune blir meldt inn i Robek

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt beskjed til Kommunal- og distriktsdepartementet om at Ørsta kommune oppfyller vilkåra for registrering i Robek.

Publisert 30.06.2026

Etter kommunelova § 28-1 første ledd bokstav d, skal ein kommune meldast inn i Robek dersom balanserekneskapen til kommunekassa viser eit oppsamla meirforbruk frå driftsrekneskapen som er større enn tre prosent av driftsinntektene.

Ørsta kommune hadde meirforbruk i driftsrekneskapen både i 2024 og 2025. Kommunen blir meldt inn på bakgrunn av at det akkumulerte meirforbruket i rekneskapen for 2025 er på meir enn tre prosent av brutto driftsinntekter.

Robek

Robek er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplan, årsbudsjett eller årsregnskap innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar.

Tiltaksplan

Kommunar som er meldt inn i Robek er etter kommunelova pålagt å kome i økonomisk balanse. Etter kommunelova § 28-4 andre ledd skal kommunestyret sjølv fastsette ein tiltaksplan som sikrar dette.

Tiltaksplanen skal innehalde konkrete tiltak for å kome i økonomisk balanse og bidra til å styrke kommunen si eiga styring. Planen skal medverke til at nødvendige endringar blir gjennomførte. Han skal omfatte både innsparings- og omprioriteringstiltak som må innarbeidast i økonomiplanen og årsbudsjettet, og tiltak for å få kontroll over den løypande ressursbruken, til dømes betre system og rutinar for økonomistyring.

I tillegg skal tiltaksplanen innehalde ei oversikt som viser beløp og tidsplan for når meirforbruket skal dekkast inn.

Når registrering i Robek er gjort på grunnlag av kriteriet d i kommunelova 28-1, er fristen for å fastsette ein tiltaksplan 31. desember.

Kontaktpersonar