Revidert nasjonalbudsjett 2019 og kommuneproposisjon 2020

Fylkesmannen visar til Prop. 113 S ( 2018-2019), Kommuneproposisjon 2020. lagt fram 14. mai 2019. Her følger ei kortfatta oversikt over dei viktigaste momenta i det økonomiske opplegget for kommunane for 2019 og 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.05.2019

Revidert nasjonalbudsjett 2019

Stortingets budsjettvedtak for 2019 (saldert budsjett) inneber at realveksten for kommunesektorens samla inntekter er anslått til 0,2 mrd. kroner. Anslaget var på 0,1 mrd. kroner i reduksjon. Endringa blei rekna i forhold til daverande anslag på rekneskapen for 2018. Anslaget på veksten er sett i samanheng med at anslaget for kommunesektorens inntekter på skatt for 2018 er justert opp med 2,4 mrd. Kroner.

Dei nye anslaga på inntektsveksten for kommunesektoren i 2019 byggjer på følgande:

  • Kommunesektoren sine rekneskapstal viser at inntektene knytt til skatt i 2018 blei 2,3 mrd. kroner høgare enn anslaget for nasjonalbudsjettet i 2019. Høge innbetalingar av restskatt i 2018 frå likninga i 2017 er hovudgrunn for den høge inntekta. Ein gjennomgang av skattegrunnlaget viser at dette er knytt til formueskatt og gevinst på aksjer. Dei ekstra inntektene på skatt er i noko grad vidareført i anslaget for inntekt i 2019.

  • Det er hittil i år registrert ein god skatteinngang. Anslaget for 2019 er justert opp med 1, 5 mrd. kroner.

  • Deflator for kostnader for kommunesektoren er justert frå 2,8 prosent til 3,0 prosent i revidert nasjonalbudsjett. Justeringa skuldast at prisveksten på varer og tenester no er vurdert høgare enn i nasjonalbudsjettet 2019. Auka i deflatoren trekk isolert realvekst i inntekt ned i 2019 med omkring 1 mrd. kroner.

  • Regjeringa foreslår omlag den same løyvinga (netto) til kommunesektoren.

Realveksten i kommunesektoren er berekna til 0,4 mrd. kroner, som er 0,2 mrd. kroner høgare enn berekna i saldert budsjett. Ein ser også ein reell reduksjon i dei frie inntektene på 1,8 mrd. kroner. Nedgangen må sjåast i samanheng med dei ekstra inntektene på skatt i 2018. Dei blir ikkje vidareført i 2019.Kommunesektoren går inn i 2019 med eit høgt nivå på inntektene, som følge av høge inntekter på skatt i 2018.

Tilleggsløyve og omprioriteringer

Kompensasjon for endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar - Arbeids- og sosialdepartementet

Kommunane blir kompensert for meirutgifter til økonomisk sosialhjelp i 2019 med ei auka løyve på 90 mill. kroner som følge av endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar. Dette gjeld for omlag 1900 personar.

Tilskot til investeringar til heildøgns omsorgsplassar - Helse- og omsorgsdepartementet

Kommunane får auka tilskot til heildøgns omsorgsplassar. I 2019 blir tilskotet auka med 78,4 mill. kroner. I 2019 er det foreslått at ramma for tilsegn blir auka med 1 567,6 mill. kroner. Investeringstilskotet er tidlegare vedteken likt fordelt mellom rehabilitering, netto tilvekst, løyve og ramme for tilsegn.

Tilskot til lokalkjøkken - Helse- og omsorgsdepartementet

Det blir foreslått å opprette eit tilskot til lokale kjøkkenløysingar med eiget produksjonskjøkken. Med ei tilsegnsramme på 12,5 mill. kroner, og eit løyve på 625 000 kroner til første utbetaling i 2019. Ordninga gjeld frå 1. oktober 2019. Ordninga omfattar etablering, eller gjenetablering av lokale kjøkkenløysingar med eige produksjonskjøkken ved sjukeheimar og omsorgsbustadar for personar med heildøgns tenestetilbod. Ordninga er ein del av kvalitetsreforma for eldre, «Leve heile livet», og skal forvaltast av Husbanken.

 

Kommuneproposisjonen 2020

Regjeringa legg opp til ein realvekst i frie inntekter på mellom 1 og 2 mrd. kroner i 2020. Det svarar til ein vekst på mellom 0,3 og 0,5 prosent. Veksten må sjåast i samanheng med auken i demografi - og at pensjonskostnadar er betydeleg lågare enn tidlegare. Skatteanslaget er oppjustert med 1, 5 mrd. kroner, trekk ein frå auken i kostnadsveksten ( varer og tenester) på 1 mrd. kroner, får kommunane eit auka handlingsrom på 0,5 mrd. kroner. Den kommunale deflatoren blir justert frå 2, 8 prosent til 3 prosent.

Samla meirutgifter til demografiendringar er anslått til 1,3 mrd. koner i 2020. Av dette er 0,9 mrd. kroner belasta frie inntekter. Demografiutgiftene aukar mindre enn befolkninga fram til 2022, så snur det.

Regjeringa vidarefører redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage og innfører ei ordning med redusert foreldrebetaling og gratis opphald på SFO. Dette gjeld etter skuletid for barn av foreldre med låg inntekt.

Satsinga på tidleg innsats blir ført vidare gjennom å legge til midlane til tidleg innsats i skule til auka lærarinnsats i rammetilskotet. Ordninga blir ført vidare på omtrent same nivå i 2020 som i 2019.

Opptrappingsplan for rus og styrking av tenestetilbodet innan psykisk helse er eit av regjeringas viktigaste områder. Regjeringa vil arbeide for at alle skal ha ein trygg plass å bu, og i den samanheng er bustadsosiale ordningar ein viktig del av det sosiale sikringsnettet. Regjeringa vil forsterke det bustadsosiale arbeidet og styrke bustøtta til barnefamiliar.

Distriktsindeksen

Distriktsindeksen som blei brukt i inntektssystemet i 2019 skal brukast i distriktstilskotet i inntektssystemet i 2020.

Kommunereforma

Dei økonomiske verkemidla omkring kommunereforma skal førast vidare. Fylkesmannen vil også framover ha ei sentral rolle i det vidare arbeidet med kommunereforma. Regjeringa ønsker å halde ved lag den nordiske tradisjonen med sterke velferdskommunar med stort handlingsrom. Da er det viktig at landet får ein meir solid og framtidsretta kommunestruktur, som kan gi gode og likeverdige tenester og drive ein aktiv og heilheitleg samfunnsutvikling. Departementet si vurdering omkring utfordringar knytt til kapasitet og behov for ei meir heilheitleg og berekraftig utvikling er at det nødvendig å jobbe vidare med endringar i kommunestrukturen.

Regionsentertilskot

Storting ber regjeringa om å føre vidare regionsentertilskot som eit økonomisk verkemiddel også ved framtidige kommunesamanslåingar. For å føre vidare regionsentertilskotet som eit økonomisk verkemiddel ved nye samanslåingar foreslår departementet at kommunar som oppfyller krava i tilskotet mottek tilskot etter fatta nasjonalt vedtak om samanslåing. Auken i regionsentertilskotet vil finansierast innafor kommuneramma og er eit årleg tilskot i inntektssystemet.

Utilsikta konsekvensar

I oppmodingsvedtak nr. 929 ber Storting regjering om å syte for at samanslåtte kommunar får kompensasjon for tap grunna reduksjon i busetjingskriteriet, eller anna utilsikta konsekvens av inntektssystemet. Ein konsekvens av kommunesamanslåing i inntektssystemet vil vere endring i utgiftsutjamninga og veksttilskotet.

Veksttilskot

Kommunar som får ein reduksjon i veksttilskot som følge av samanslåing, blir kompensert for dette gjennom ei eiga kompensasjonsordning innafor skjønnstilskot. Gjennom denne kompensasjonen blir kommunane kompensert for den isolerte reduksjonen i veksttilskotet som følge av samanslåing. Grunnlaget for kompensasjonen blir berekna som differansen mellom kva kommunane ville ha motteke i veksttilskot i 2020, og kva den nye kommunen mottek i veksttilskot i 2020. Det blir lagt opp til 80 prosent kompensasjon av reduksjonen i 2020, og 40 prosent kompensasjon av reduksjonen i 2021. Kompensasjonen avviklast frå 2021.

Skjønnstilskot for 2020

Skjønnstilskotet for 2020 blir foreslått satt til 1 434 mill. kroner. Det svarar til ein reduksjon på om lag 185 mill. kroner frå 2019. Kommunane får ei basisramme på 950 mill. kroner. Utilsikta økonomiske konsekvensar av kommunereforma skal blant anna dekkast av skjønnstilskotet.

Til saman 120 mill. kroner av skjønnstilskot blir haldne tilbake av departementet. Reservepotten inkluderer kompenasjon for bortfall av veksttilskot grunna kommunesamanslåing. Prosjektskjønn til departementet på 14 mill. kroner inkluderer tilskot til utgreiing av kommunesamanslåing.

Det er grunn til å tru at fylkesramma til Møre og Romsdal vil reduserast noko sidan basisramma per innbyggar er per i dag høgare enn gjennomsnittet for landet.

Omstilling og nytenking

Regjeringa oppmodar til omstilling og nytenking i kommunesektoren. Betre ressursbruk gir betre tenester. Ei effektivisering på 0,5 prosent vil gi eit auka handlingsrom på 1,3 mrd. kroner.

 

Kontaktpersonar