Skjønnsmidlar og Fylkesløft/prosjektskjønn for 2022
Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2022. Ein del av skjønnsramma skal gå til innovasjon og utvikling i kommunane. Satsingsområda for 2022 står lista opp under Fylkesløft/prosjektskjønn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skjønnsmidlar 2022
Statsforvaltaren tildeler kvart år skjønnsmidlar til kommunane og har ansvaret for å kome fram til ei god og rettferdig tildeling av skjønnsmidlane mellom kommunane i fylket. Innspel frå kommunane er viktig for å oppnå ei så rettferdig tildeling som råd.
Vi ønskjer innspel på vesentlege utgifter som kommunen ikkje kan påverke sjølv, og som ikkje blir kompensert i stor nok grad gjennom andre tilskot. Innspela frå kommunane vil bli vurdert i forhold til m.a. inntektssystemet og andre tilskotsordningar, og i høve til gjennomsnittlege utgifter knytt til innspelet for kommunane i fylket i den grad det lar seg gjere. Fristen for søknad om skjønnsmidlane er 1. juni 2021.
Vi vil uansett vurdere følgande kriteria i tråd med praksis frå tidlegare år: Språkdeling, Barnevern, Ressurskrevjande tenestemottakarar, Skyss av helsepersonell.
- Innspel om skjønnsmidlar kan sendast til sfmrpost@statsforvalteren.no
- Merk sendinga 2021/1200
- Søknadsfrist for skjønnsmidlar og ekstra kriseskjønn er seinast den 1. juni
Sjå brevet til kommunane (til høgre i margen) for meir informasjon.
Fylkesløft/prosjektskjønn 2022
En del av skjønnsramma skal bidra til fornying og utvikling i kommunane gjennom prosjektskjønn/fylkesløft. I samband med omlegginga av skjønnsmidlane dei siste åra, så ønskjer vi ei dreiing av prosjektskjønn til i større grad å bidra til Fylkesløft. Prosjekt Møre og Romsdal 2025 er etablert som ein følge av regionreforma. Det er difor viktig for vidare utvikling av alle kommunane i Møre og Romsdal at vi jobbar enda meir samordna i regional stat og med fylkeskommunen, slik at vi kan posisjonere oss inn i det nye regionlandskapet. Statsforvaltaren ser difor for seg at store deler av prosjektskjønnsmidlane dei neste åra vil bli prioritert til tiltak som vil vere eit løft for alle kommunane i fylket.
Satsingsområde for Fylkesløft/prosjektskjønn i Møre og Romsdal i 2022:
1. Berekraftsfylket Møre og Romsdal
Under paraplyen «Møre og Romsdal 2025» har prosjektet «berekraftsfylket Møre og Romsdal» komme godt i gang med kartlegging av indikatorar (U4SSC) for alle kommunane i fylket. Neste trinn i arbeidet er at kvar kommune får sin rapport til gjennomgang før endeleg godkjenning i FN/ITU. Berekraftsfylket er ei toårig satsing der 2021 er det første året. I 2021 blei det gitt 4 millionar til prosjektet fordelt slik:
- Kristiansund; 1 million til ei 100 % stilling; 50 % til Kristiansund kommune, og 50 % til dei andre kommunane på Nordmøre.
- Molde; 1 million til ei 100 % stilling: 50% til Molde kommune, og 50 % til dei andre kommunane i Romsdal.
- Ålesund, 2 millionar til to 100 % stillingar: Begge stillingane er lagt til Ålesund kommune, og til FN-labben. Den eine stillinga fungerer som prosjektkoordinator for heile fylket. Den andre stillinga skal i all hovudsak jobbe mot dei andre kommunane på Sunnmøre.
Det må sendast søkjast for 2022 om kommunane ønskjer tilskott for andre året i prosjektet.
2. Ungt entreprenørskap
Under paraplyen «Møre og Romsdal 2025» er prosjektet «Ungt entreprenørskap» også ei satsing. I Møre og Romsdal treng vi fleire gründerar. Det er allereie ei satsing gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune i vidaregåande skolar. Vi ønsker at barne- og ungdomsskolane skal komme meir på banen. Det er eit klart mål å få med flest mogleg av kommunane på denne satsinga. Statsforvaltaren ser for seg at kommunane kan søkje om dekning av kostnad per innbyggar, og at eigenandelen er kommunane sin ressursbruk inn i dette. Det blei gitt tilskott til tre kommunar i 2021 og satsinga blir vidareført i 2022.
For nye kommunar og kommunar som allereie har fått tilskott, må det søkjast kvart år.
3. Barn og Unge
Kommunedirektørutvalet har spelt inn at det er ønskjeleg med ei satsing på barn og unge. Pandemien har vist at det kan vere behov for nye og andre tiltak retta mot denne gruppa. Statsforvaltaren opnar for å søke på prosjektskjønn til fornyings- og utviklingsprosjekt som kan førebygge at fleire barn og unge opplever utanforskap, helseplagar og utryggheit. Det vil bli fokusert på førebyggande tiltak.
4. Helseplattforma
Arbeidet med Helseplattforma (Helseplattforma innfører ny pasientjournal for sjukehus, kommunar, fastlegar og private spesialistar i Midt-Norge) har fått tildelt prosjektskjønn i tre år der 2021 er det siste året. Fylkesmannen har gitt støtte til 4 koordinatorar fordelt på Sju Stjerna v/ Herøy kommune, Orkidé v/Kristiansund kommune, Nordre Sunnmøre v/Ålesund kommune og ROR v/ Molde kommune. Prosjektet blei forsinka da koronapandemien råka oss og styret i Helseplattforma har vedtatt revidert tidsplan. Den viser at løysningar skal vere ferdig testa i 2021 og at opplæring og utrulling vil skje i 2022 og 2023 i Møre og Romsdal. Statsforvaltaren ønskjer å vidareføre arbeidet med Helseplattforma i fylket fram til implementering i kommunane. Søknad på fylkesløft/prosjektskjønn bør vise korleis opplæring og implementering skal gjennomførast.
Søknadsprosedyre for Fylkesløft/prosjektskjønn
Søknadar skal sendes gjennom den «Integrerte søknads- og rapporteringsdatabasen» (ISORD). For å ta i bruk søknadsportalen må det opprettast brukarkonto for kvar søkarkommune.
For å logge på ISORD gå til denne sida: https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no/
Søknadsfrist for Fylkesløft/prosjektskjønn er 1.juni 2021.
Sjå lenke og vedlegg i høgre marg for meir informasjon.