Skjønnsmidlar til TISK og smittevern knytt til koronapandemien
Fylkesmannen i Møre og Romsdal fekk 12 millionar kroner til fordeling til TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene) og 18 millionar kroner i skjønnsmidlar til smittevern.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skjønnsmidlar TISK
Stortinget har løyvd nye 500 mill. kroner i skjønnsmidlar til oppfølging av TISK-strategien i kommunar med store koronautbrot. Av desse midlane har Kommunal- og moderniseringsdepartementet tildelt 12 mill. kroner til Møre og Romsdal. Det er lagt stor vekt på smittetrykket i fordelinga til det enkelte fylke. Tildelinga er meint som ein særskilt kompensasjon til kommunar som har hatt store ekstrautgifter som følge av lokale utbrot av Covid-19.
Skjønnsmidlar smittevern
Stortinget vedtok i sommar å auke kommunane sine skjønnsmidlar med 400 millionar kroner for å dekke utgifter til smittevern i det kommunale tenestetilbodet. Møre og Romsdal fekk 18 millionar av totalramma på 400 millionar. Midlane til smittevern har blitt fordelt mellom anna med ein fast sum til kvar kommune på 200 000 kroner, i tillegg er dei kommunane som har hatt mest smitte fått tildelt meir midlar. Kommunane som søkte om midlar til smittesporingsverktøy har fått kompensasjon her.
Skjønnsmidlane til TISK og smittevern har blitt tildelt dei kommunane som har hatt dei største utfordringane og dermed dei største utgiftene. Vi har og sett fordelinga i samanheng med dei andre tildelingane av skjønnsmidlar grunna koronapandemien.
Midlane er fordelt etter vedlagte tabell:
Midlane blir utbetalt gjennom rammetilskotet den 18. desember i år.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44