Stranda kommune meldt inn i ROBEK

Stranda kommune vert underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.03.2023

Stranda kommune sin budsjett- og økonomiplan er saldert med uspesifisert innsparing. Ifølge regelverket for ROBEK er ikkje dette å ansjå som reduserte utgifter. Budsjett- og økonomiplanen for åra 2023-2026 vert dermed å ansjå som vedteke med eit meirforbruk. 

Statsforvaltaren har meldt Stranda kommune på Robek i henhold til kommunelova § 28-1, første ledd bokstav a og b.

Statsforvaltaren skal føre kontroll

Når ein kommune er i ROBEK, skal Statsforvaltaren føre kontroll med lovlegheita av kommunestyret sitt budsjettvedtak, jf kommunelova § 28-3. Statsforvaltaren skal også godkjenne vedtak om opptak av lån eller vedtak om langsiktige avtaler om leige av bygningar, anlegg og varige driftsmidlar som kan påføre kommunen utgifter ut over dei neste fire budsjettår. Vedtak i slike saker er ikkje gyldige før dei er godkjent av Statsforvaltaren.

Må vedta tiltaksplan

Stranda kommunestyre må også vedta ein tiltaksplan som viser korleis kommunen skal bringe økonomien i balanse og få ei berekraftig drift.

Om ROBEK

ROBEK-registeret er et register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsregnskapet innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal lage ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.