Utviklinga i kommuneøkonomien 2024

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gir kvart år ut rapporten Utviklinga i kommuneøkonomien som viser hovudtrekk i kommuneøkonomien i fylket. Rapporten beskriv nokon av utfordringane som kommunane står i, orienterer om sentrale reglar, minner om viktige oppgåver og viser sentrale økonomiske tal i utviklinga i kommuneøkonomien dei siste åra.
Kommuneøkonomien i 2024
For Noreg vart gjennomsnittleg netto driftsresultat minus 0,4 prosent. 2024 vart med det første året i statistikken med negativt netto driftsresultat for landets kommunar totalt sett. Tjue av kommunane i Møre og Romsdal hadde negativt netto driftsresultat i 2024. To til hadde netto driftsresultat på 0–1,75 prosent.
Ved inngangen til juli månad er tre kommunar i Møre og Romsdal på ROBEK, to fleire enn same tid i fjor.
Gjeldsnivået i Møre og Romsdal har gått svakt ned til 109 prosent av brutto driftsinntekter, men er framleis på eit svært høgt nivå - nest høgast i landet. Landet (utan Oslo) har til samanlikning ein gjeldsgrad på 92 prosent.
I 2024 hadde kommunesektoren (landet utan Oslo) eit disposisjonsfond på 11,6 prosent av driftsinntektene, det lågaste på fem år. I Møre og Romsdal er tilsvarande tal 8,1 prosent. Vi tilrår at disposisjonsfondet er minst 5-10 prosent.
For Møre og Romsdal har 19 av 27 kommunar disposisjonsfond på under fem prosent av brutto driftsinntekt. Over fleire år har kommunane våre brukt disposisjonsfonda til å finansiere drifta. For mange nærmar det seg tomt. Det gjer at det hastar med omstilling for å sikre ein berekraftig økonomi.
Kontaktpersonar
-
Rigmor Brøste
Tlf: 71 25 84 14 -
Maria Laingen
Tlf: 71 25 85 27