Korleis involvere unge i kommunereforma?
Fylkesmannen har samla verktøy som ungdomsråda og kommunane kan bruke i arbeidet med å involvere ungdom.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen heldt innlegg om kommunereforma på Ungdommens fylkesting 6.-8. november. I den samanheng gjennomførte Fylkesmannen ei undersøking om korleis ungdomsråda låg an i arbeidet med reforma. Fleire av representantane sa dei ønskja lett tilgjengeleg materiell dei kunne bruke.
Fylkesmannen har difor samla nokon verktøy ungdomsråda kan bruke. Alt finn du i høgremargen øverst i denne artikkelen.
KAHOOT:
Vi har laga to «Kahoots». Den eine er ein quiz, med spørsmål om kommunereforma, og den andre er ei meiningsmåling.
QUIZ:
Du finn og ein enkel quiz med ti spørsmål, inkludert fasit.
UNDERVISNINGSOPPLEGG:
Vi har laga forslag til opplegg som kan brukast i undervisning. Opplegget er tilpassa ein dobbeltime, og kan brukast både på ungdomskule og vidaregåande skule. Sjå og opplegget som Distriktssenteret har laga.
KONKURRANSE:
Forslag til ein konkurranse som kan arrangerast i kommunane. Konkurransen kan gjerne vere ein del av undervisningsopplegget.
FILM – «kommunereformen på eitt minutt»:
Vi har laga ein film som skal gi ei kort faktainnføring i reforma. Den heiter «Kommunereforma på eitt minutt». Den kan brukast fritt.