Regjeringa sine mål for kommunereforma
I kommuneproposisjonen la regjeringa inn ein meldingsdel med mål, rammer og gjennomføringsplan for den varsla kommunereforma.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I meldingsdelen gjer regjeringa greie for behovet for ein kommunereform. Det er 50 år sidan sist den var store endringar i kommunereforma. Kommunane har sidan 1960-talet fått stadig fleire oppgåver og auka ansvar. Kommunane har fått ei sentral og viktig rolle i offentleg forvaltning for å løyse viktige samfunnsoppgåver og -utfordringar.
Reformbehovet er grunna med:
- Folketalsutviklinga
- Sentralisering
- Manglande samsvar mellom administrative og funksjonelle inndelingar
- Mange og viktige oppgåver stiller auka krav til kommunane
- Auka krav til kapasitet og kompetanse
- Utfordringar for lokaldemokratiet
Regjeringa sine mål for reforma
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for gode, funksjonelle kommunar som har kapasitet og kompetanses til å ivareta og vidareutvikle lovpålagte oppgåver og gode lokalsamfunn, samt ivareta viktige frivillige oppgåver. Generalistkommuneprinsippet er eit utgangspunkt for reforma. Som eit generelt prinsipp skal reforma leggje eit grunnlag for at alle kommunar kan løyse sine lovpålagte oppgåver selv.
Regjeringa sine mål for reforma:
- Gode og likeverdige tenester til innbyggarane
- God og samordna samfunnsutvikling
- Berekraftige og økonomisk robuste kommunar
- Styrka lokaldemokrati