Endringar i kommunestrukturen i Møre og Romsdal
Stortinget fatta den 8. juni 2017, vedtak om endringar i kommunestrukturen - Prop. 96 S (2016-2017), Innst. 386 S (2016-2017).
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 16.06.2017
Stortinget fatta vedtak om samanslåing av følgande kommunar:
- Fræna og Eide
- Molde, Midsund, Nesset
- Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram, Sandøy
- Norddal, Stordal
- Volda og Hornindal i Sogn og Fjordane
- Halsa og Hemne samt deler av Snillfjord i Trøndelag
Møre og Romsdal har pr. dags dato 36 kommunar. Frå 1. januar 2020 blir det 26 kommunar, der Hornindal kommune blir ein del av Møre og Romsdal, og Halsa kommune blir ein del av Trøndelag.