Digital verkstad for klimabudsjett

13. april arrangerte fylkeskommunen og statsforvaltaren digitalt verkstad for kommunane i klimabudsjett. Her har vi lagt ut gruppeoppgåvene og hjelpemiddel for vidare arbeid i kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.04.2023

Statsforvaltaren har eit ønske om at alle kommunane i fylket opprettar klimabusjett som styringsverktøy. I statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing er det gitt føringar om at tiltak og verkemiddel på klima og energiområdet i størst mogleg grad skal vere kopla til måla satt i kommunen og skal vurderast med tanke på kostnadseffektivitet. Handlingsprogrammet for klima- og energiplanane skal ha ein tydeleg fordeling av ansvar. Dette kan løysast gjennom eit klimabudsjett som er kopla på kommunens budsjett og økonomiplan.

Digital verkstad for å kome vidare med klimabudsjetta

Elleve kommunar i Møre og Romsdal har laga klimabudsjett for 2023, og mange fleire er i gong med å lage sitt første klimabudsjett for 2024. Fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal arrangerte derfor ein digital arbeidsverkstad i april, slik at fleire kommunar fekk dele sitt arbeid så langt og alle fekk jobba i grupper for å kome litt vidare i arbeidet.

Ikkje alle kommunane i fylket hadde høve til å bli med på samlinga. Vi har derfor samla alt materiale som trengs for å gjennomføre verkstaden i etterkant her på denne sida. Kommunane som deltok kan også bruke materialet her til å arbeide vidare med gruppeoppgåvane.

Det viktigaste er å kome i gong

Under verkstaden lærte vi at eit klimabudsjett kan utformast på mange ulike måtar og vil utvikle seg over tid. Det viktigaste er at det er tilpassa årshjulet og ansvarslinjene for budsjett og økonomiplanarbeidet i kommunen. Alle må starte ein plass, og ingen har eit perfekt klimabudsjett på første forsøk. Det aller viktigaste er i kome i gang, og utvikle klimabudsjettet derfrå.

Kontaktpersonar

Lenker til klimabudsjetta for 2023

Under har vi ein oversikt over alle dei ulike variantane av klimabudsjett som er laga i fylket for 2023.

Kristiansund klimabudsjett (Mange store og små klimatiltak i ulike sektorar til inspirasjon)

Molde klimabudsjett (Har rekna effekt på fleire tiltak)

Rauma klimabudsjett (Frå side 26)

Fjord klimabudsjett                       

Averøy klimabudsjett (Frå side 36, formannskapets forslag til årsbudsjett)

Sunndal (framsikt.net) 

Surnadal (framsikt.net)               

Ålesund (framsikt.net)                 

Vestnes (framsikt.net) (Tekst om beredskap, klima og miljø)

Vanylven (framsikt.net) (Foreløpig ingen tiltak)

Herøy (framsikt.net) (Foreløpig ingen tiltak)