15. september er fristen for spreiing av husdyrgjødsel
Ny gjødselbruksforskrift tredde i kraft i fjor, og 15. september er no siste frist for spreiing av husdyrgjødsel om hausten utan nedmolding.
Spreiefrist
Det er slutt på at kommunane kan ha eigne fristar for gjødselspreiing. Tidlegare har spreiefristen om hausten variert mellom 1. september og 1. oktober.
I 2026 er den 15. september for heile fylket.
Overgangsordning
I 2025 og 2026 er det som ei overgangsordning tillatt å spreie husdyrgjødsel fram til 1. november med nedmolding rett etter spreiing. I same overgangsperiode er det heller ikkje krav til hausting eller etablering av plantevekst etter siste spreiing.
Frå 2027 vert det krav om enten hausting eller tilsåing etter siste spreiing, som ikkje kan vere seinare enn 15. september.
Dispensasjon
Søknad om dispensasjon frå spreiefristen skal sendast til Statsforvaltaren. Det kan givast dispensasjon i særlege tilfelle.
Meir lagerkapasitet
Utfordringa for mange er å ha nok lagerkapasitet slik at det ikkje er behov for å tømme gjødsellager langt utpå hausten. Den utfordringa vil bli enno større når overgangsperioden er over i 2027.